Midlertidig stenging av innlån og fjernlån på grunn av konkurs. Oppdatert 17.4.2026

Biblioteksektoren sin leverandør av transporttenester, Norsk bibliotektransport AS, har gått konkurs. Vi må diverre stengje fjernlåns- og innlånstenesta i 14 dagar for å områ oss og finne ei ny løysing.

Det betyr at dersom du ønskjer ei eldre bok som vi ikkje har sjølve, får vi ikkje bestilt ho. Du kan leggje inn låneønske gjennom å logge deg på websøket vårt eller i Bibliofil-appen, men det vil ta ei stund før vi får effektuert bestillinga. Nye bøker vil framleis bli vurdert for innkjøp.

Dersom det er noko du treng veldig kjapt vil vi rå deg til å sjekke bibliotek i nærleiken og sjå om dei har boka inne og hente sjølv. Vi lenkjer til andre aktuelle bibliotek nedst i saka. Når du har nasjonalt lånekort kan du bli oppretta som lånar hos dei biblioteka. Dette gjeld òg campusbiblioteka til Nord universitet i Levanger, Stjørdal, Steinkjer og Namsos. Hugs å ta med ID når du registrerer deg.

Dersom du allereie har lånt noko frå eit anna bibliotek gjennom oss skal du framleis levere det tilbake hos oss.

Dersom du har lånt direkte hos eit anna bibliotek, set vi pris på at du leverer tilbake direkte hos dei. 

Denne saka blir oppdatert fortløpande etter kvart som det kjem informasjon.

Bibliotek i området du kan bruke ved hjelp av ditt nasjonale lånekort ved direkte oppmøte:

 

Sjekk òg våre digitale tenester: Biblio for e-bøker og lydbøker på norsk, Libby for engelske bøker og Nasjonalbiblioteket for norsk litteratur frå 2005 og bakover.

 

 

Oppdatert 17.4. med “Dersom du har lånt direkte hos eit anna bibliotek, set vi pris på at du leverer tilbake direkte hos dei. ” og lenke til digitale tenester.