Her blir det lesestund og samtale med barna: Kva drøymer dei om å gjere når dei blir store? Er det brus, pannekaker – eller noko heilt anna?
"STOR" er ei undrande og leikande forteljing om å vere stor, liten – og akkurat passe seg sjølv. Boka er full av detaljer og fargar som opnar for eigne tankar og historier.
Martine Grande kjem frå Lierne i Nord-Trøndelag og bur i Trondheim. Ho er forfattar, illustratør og animatør, og står bak fleire barnebøker, kortfilmar og animasjonsteater. Ho debuterte med "Kakerlakken med den stygge frakken" i 2013 og har sidan skapt ei rekkje forteljingar for dei minste.
Passar for barn i barnehagealder.
Arrangementet er ein del av LITT.MIDT - Litteraturfestivalen i Midt-Norge
Foto: Hanne Hasselberg

Sjå mindre