Reduksjon av tilbodet ved Levanger bibliotek

På grunn av den økonomiske stoda i Levanger kommune har òg Levanger bibliotek fått budsjettreduksjonar. Her kan du sjå korleis dei blir gjennomført.

I arbeidet med omstilling som følgje av budsjettkutta i 2025 og 2026 prøver vi å skjerme brukarane våre så mykje som mogleg, men det er umogleg å unngå heilt.

Dette har vi gjort så langt:

Personalkostnader

I vårhalvåret har vi hatt vakter i BUA i Stadionparken tilsvarande ca 35 % stilling. Dette har redusert kapasiteten til bibliotekarbeidet. Dette blir ikkje vidareført, men biblioteket blir redusert med 1 årsverk i haust. Det er ikkje 100 % avgjort korleis det kuttet skal takast, men det kan bli både reduksjon av opningstid og redusert tenestenivå.

Vi mista den eine laurdagsvakta vår, og gjekk over til å ha berre 1 tilsett på jobb laurdagar. Dette fører til lengre kø.

Vi har overteke koordinatoransvaret for Den kulturelle skulesekken. Dette tilsvarar 30 % stilling.

Vi har ikkje budsjett til sommarvikar lenger. Dette gjer at særleg i juli blir opningstidene kraftig redusert. Dersom ryddejobben etter den ubetente opningstida blir uoverkomeleg kan den opningstida òg bli kutta.

Innkjøp

Eit bibliotek kan ikkje fungere utan innkjøp. I 2025 er innkjøpsbudsjettet redusert med nesten 16 %, til kr 400 000. Sidan 2015 er det nesten halvert i 2025-kroner. Dette har ført til færre aviser og tidsskrift og færre eksemplar av populære bøker, noko som fører til lengre ventelister. Vi prøver å gje eit så breitt tilbod som mogleg.

Arrangement

Det er skore ned på utgiftene til arrangement òg, noko som gjer at vi må ta inngangspengar på fleire arrangement. Det blir mellom anna vanskelegare å leige inn forfattarar. Den reduserte personalkapasiteten vil igjen føre til at det blir vanskelegare å produsere eigne arrangement saman med frivilligheita.

Oppsummering

Vi har fått eit oppdrag om å omstille. Du kan hjelpe oss gjennom å bruke sjølvbetening når du får det til og generelt følgje bibliotekreglementet. Vi gjer vårt beste for å gjennomføre omstillinga med så få konsekvensar som mogleg for deg som brukar oss.