Gå til innhold Globalmeny Forsiden
Toppbilde

Om skolen

I 1739 kom det ei ”forordning om almueskolestellet” etter Dansk mønster i landet. Dette viste seg å være ei ordning som ikkje gjekk å gjennomføre over natta. Allereie i 1741 kom nye påbod om skoleordninga på bygdene. Det blei med kvart prestane i sokna som fekk ansvaret for å få i gang skole. Dei hadde ulike ambisjonar i så måte. Samstundes var det eit vanskeleg  arbeid. Ikkje var det nok lærarar, og skolelokala var ofte uegna til oppgåva. Skolen blei halden etter tur rundt på gardane. Her nytta dei dei romma som blei stilt til disposisjon. Desse måtte dei som regel dele med andre som jobba på garden. Løna til dei første omgangsskolelærarane var heller skral. Det hendte at dei berre fekk fri kost på gardane der dei var. Trass i oppstartsvanskane kom skoleopplæringa for ”allmogen” i gang.

I Levanger hørte Levanger sokn til Skogn prestegjeld fram til 1855. Det var difor soknepresten i Alstadhaug som styrte skolestellet den første tida. I 1855 blei Levanger herad, seinare Frol, eigen kommune. Her vart det skipa 4 skoledistrikt med kvar sin lærar. Kommunen fekk sin eigen skolekommisjon, og i 1858 drøfta dei eit framlegg om å få faste skolar. Denne saka vart utsett i påvente av betre tider, men dei prøvde å ordne det slik at skolen blei halde på same garden heile året. Gardane fekk ei symbolsk leige for dette. Det gjaldt å halde leiga låg sidan skolebudsjettet berre var mellom 300 og 400 spesidaler for alle skolane. 1 spesidaler var verd ca 4 kroner.

Den eldste kjente protokollen for Mule krins startar i 1864. Her er det sirlig ført inn om oppmøte, vêrobservasjonar, oversikt over fattige, forsømmingar mv. Skolen har enno ikkje eige skolehus. Arbeidet med dette startar i 1876. Då godkjende kommunestyret plan for ny skole med lærarbustad på Mulevad. Den nye skolen vart teken i bruk i 1877, og Mule fastskole fekk løyve til å kjøpe inventar og utstyr. Her blei mellom anna innkjøpt 1 kateter, 3 pinnestolar, ymse kart og 2 salmodikonar (einstrenga musikkinstrument). Skolehuset vart bygd i ei høgd med skolerom i eine delen og lærarbustad i andre. Tømmerkassen vart ikkje kledd korkje innvendig eller utvendig, så frisk luft vart det nok av. I 1878 fekk læraren ei ekstraløyving på 8 kroner for å tette romma. I 1896 vart Mule skole påbygd både i høgda og i lengda og all undervisning i krinsen blei samla på Mule skole. Før dette hadde småskolen måtte ta til takke med ymse undervisningslokal rundt i bygda. Man hadde ein avleggar i Salthammer og ein på Storborg, og seinare på Søgstad. Etter samlinga i 1896 var elevtalet omkring 80. Lærarinna som hadde hatt ansvar for det omflakkande småskoletrinnet fekk eit rom mellom sløydsalen og småskolen, og dessutan eit kvistrom i den nye skolen.

I 1906 fekk lærarinna meir husrom. Skolestyret gjekk med på at ho kunne få overta sløydrommet og innreie det ”til brug og avbenyttelse så længe hun måtte innehave lærerindeposten dersteds, dog tilpliktes lærerinden hvis kommunen bestemmer fortsettelsesskole dersteds, at ryddiggjøre omhandlede værelse”. Hårda bud å være lærarinne i de dagar.

Elevtalet på Mule auka framleis, og småskolerommet vart trongt. I 1915 blei det vedtatt at det skulle være 3 småskoleklassar, og lærarinna skulle ha alle. Året etter blei skolen 6-delt, og dei tilsette enno ein lærar. Aukinga gjorde at ein måtte ha fleire rom til undervising, og det vart tilrådd ei løyving på kr 6.500 til nybygg. Tilrådinga vart sendt frå skoletyret til heradsstyret. Dei utsette saken inntil vidare. Dermed måtte enkelte av klassane igjen på legd. Nokre blei plassert på Mule forsamlingshus. Året etter leigde ein ei stove på Grevskott, hos Anton Grevskott. Her vart man verande i fire år.

Saken om nybygg blei tatt opp igjen i 1919. Nye alternativ blei utarbeidd, og det heile blei utsett igjen. No fann ein i mellomtida ein lettvint måte å lette romsituasjonen. Lærarbustaden vart nemleg ledig når læraren kjøpte seg eige hus. Ved å bruke 60 kroner på å ta bort ein vegg hadde ein lettvint eit nytt klasserom.

Byggeplanane ved Mule skole blei med dette gjømt, men ikkje glømt. I 1937 fant skolestyret det ikkje lengre forsvarleg å dryge med nybygg. Kommunen arbeidde samstundes med planar om nytt kommunehus. Her vart det vanskelege prioriteringar, men løysinga blei at bygging av kommunehus måtte utstå til skolehuset vart bygd. I 1938 reiste bygget seg på den gamle tomta til Mule skole. Gamalskolen hadde gjort si gjerning, vart selt på rot, og materialen brukt til bygging andre stadar.

I 1964 vart Mule skole ytterligare påbygd. Då kom det eit tilbygg med gymnastikksal og andre undervisingsrom. Då først kunne ein si at Mule skole var fullt utbygd.

Siste byggetrinn på Mule vart gjennomført i 1997. Då vart ei ny fløy til barnehage og sfo oppført.

Mykje av informasjonen er henta frå Peter Grevskotts artikkel i Levanger Historielag sitt årsskrift 1987, med samtykke.





Publisert: 08.09.2009 13:09 Sist endret: 08.09.2009 13:29
Post: Levanger kommune Boks 130, 7601 Levanger Besøksadresse: Håkon Den Godes gt 30 ved Torvet
Tlf: 74 05 25 00 Faks: E-post: postmottak@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-fre 09:00-15:00 Åpningstid: Org.nr.: 938 58 7051