Gå til innhold Globalmeny Forsiden
header2

Velkommen til nytt websøk og app

Biblioteka i Levanger og Verdal har gått over til det nye websøket frå Bibliofil på nett og i appen. I det nye søket er det lettare å søke, lettare å halde styr på lån og fornyingar og lettare å ha oversikt over kommunikasjonen med biblioteket. Gå til levanger.bib.no eller last ned appen Bibliofil, så får du det nye søket.


Venstremenyen i det nye websøketNokre av fordelane med det nye søker er:

Same funksjonar ligg i nettlesaren og i appen.

Du kan logge på med e-post og passord, og treng ikkje hugse lånekortet når du er på biblioteket.

Du kan søke med vanleg språk. Prøv film fra i fjor, så får du alle filmar frå 2018. Bøker på nynorsk fra i fjor gir deg akkurat det.

Når du er pålogga kan du sende meldingar til biblioteket, og meldingane med svar frå biblioteket blir tatt vare på. Der finn du òg meldingar vi har sendt, som hentemeldingar eller purringar.¨

Du kan lage eigne lister over bøker og andre media og dele med andre.

Sjøl om du var pålogga i den gamle appen, må du logge deg inn på nytt. Ved å klikke på "Logg inn" kan du bestille ny pinkode og/eller passord.

Prøv det nye websøket her.



Publisert: 01.12.2019 23:29 Sist endret: 02.12.2019 08:57

Levanger bibliotek Jernbanegata 16 7600 Levanger
Tlf: 740 52 900 Faks: E-post: biblioteket@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-Tor 9-18 Fre 9-16 Åpningstid: Lør 10-14 Søn stengt Org.nr.: 938587051
Nettredaktør: Espen Rønning Ansvarlig redaktør: Vidar Lund Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS

En del av Levanger kommune Levanger kommune