Gå til innhold Globalmeny Forsiden
header

Månadens forfattar i mai: Erlend Loe

Erlend Loe er ein allsidig kar: han skriv romanar for vaksne, barnebøker om truckføraren Kurt, omset frå engelsk, skriv filmmanus og er filmmeldar i avisene! Han vart fødd 24. mai 1969, og er månadens forfattar.


Loe skriv underfundig og morosamt, og ser på verda med eit skrått, ironisk blikk. Stilen er gjerne kalla naivistisk, men samstundes har mange av bøkene eit større alvor. Det kan gå på mannsrolla, miljøutfordringane eller forbrukarsamfunnet reint generelt.

På bordet finn du eit utval av bøkene vi har av Erlend Loe, du finn dei òg her: http://bit.ly/levbib-loe.  Vil du ha noko meir av det han skreiv kan du berre søkje på bibsok.no eller ta kontakt med oss i skranken.

Utgitte bøker

2018 - Dyrene i Afrika

2016 - Politiland

2015 - Slutten på verden slik vi kjenner den

2013 - Kurt kurér

2013 - Vareopptelling

2012 - Rumpemelk fra Afrika

2011 - Fvonk

2009 - Stille dager i Mixing Part

2008 - Kurtby

2007 - Muleum

2006 - Organisten

2005 - Volvo Lastvagnar

2004 - Doppler

2003 - Kurt koker hodet

2001 - Fakta om Finland

2000 - Jotunheimen, bill.mrk.2469. Med fotografier av Bård Løken

2000 - Detektor

1999 - L

1998 - Sa terapeuten min (Hal Sirowitz)

1998 - Kurt quo vadis?

1997 - Sa mor

1996 - Den store røde hunden

1996 - Prinsesse farmor - og andre fortellinger

1996 - Naiv. Super

1995 - Kurt blir grusom

1994 - Fisken

1994 - Maria & José

1993 - Tatt av kvinnen

Foto: Fredrik Arff/Cappelen Damm



Publisert: 02.05.2019 10:35 Sist endret: 02.05.2019 11:51

Levanger bibliotek Jernbanegata 16 7600 Levanger
Tlf: 740 52 900 Faks: E-post: biblioteket@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-Tor 10-18 Fre 10-16 Åpningstid: Lør 10-14 Søn stengt Org.nr.: 974035928
Nettredaktør: Espen Rønning Ansvarlig redaktør: Vidar Lund Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS

En del av Levanger kommune Levanger kommune