Gå til innhold Globalmeny Forsiden
header

Levanger-Avisa og Innherreds Folkeblad/Verdalingen på nett!

Etter at Levanger bibliotek, Innherred og Nasjonalbiblioteket har samarbeida om saka, ligg no Levanger-Avisa (1953-2015) og Innherreds Folkeblad/Verdalingen (1951-2014) fritt tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket sine sider, www.nb.no!


Dette gjer at alle som til no har brukt mikrofilm på biblioteka på Levanger og Verdal eller har bledd i innbundne aviser rett og slett kan sitje heime og søkje sjølve. Du kan søkje opp datoen du vart fødd for å sjå kva som skjedde då, sjå om garden din har vore omtala i pressa eller følgje utviklinga i saka om nytt bibliotek på Levanger...

Neste etappe blir å få digitalisert «Amtstina», dvs. Nordre Trondhjems Amtstidende. Vi håpar òg at nyavisa «Innherred» blir å få digitalt hos Nasjonalbiblioteket etter kvart. Her må avishuset vurdere kva som er ei passeleg forseinking for å unngå at denne tilgangen et av marknaden deira.

Som sagt – du kan søkje fritt på Nasjonalbiblioteket. Men om du vil gå rett til avisene kan du prøve lenkjene under.



Publisert: 03.07.2019 12:33 Sist endret: 03.07.2019 12:41

Levanger bibliotek Jernbanegata 16 7600 Levanger
Tlf: 740 52 900 Faks: E-post: biblioteket@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-Tor 10-18 Fre 10-16 Åpningstid: Lør 10-14 Søn stengt Org.nr.: 974035928
Nettredaktør: Espen Rønning Ansvarlig redaktør: Vidar Lund Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS

En del av Levanger kommune Levanger kommune