Gå til innhold Globalmeny Forsiden
header

Innherred og Levanger bibliotek inviterer til valmøte

Levanger bibliotek og avisa Innherred inviterer til tre valmøte i innspurten av valkampen. 22.8., 29.8. og 5.9. kan du høyre toppkandidatane i Levanger bli utspurt av redaktør Roger Rein på biblioteket


Kvar kveld kl 19 blir tre toppkandidatar intervjua om sitt lokale partiprogram. Klikk på datoen, så finn du Facebook-arrangementet.

22.8.: FrP, KrF og MDG
29.8.: R, SV og V
5.9.: H, Sp og Ap

Dersom du ikkje kan koma til biblioteket, kan du følgje utspørjinga på innherred.no. Alt blir strøyma over nett, og tilgjengeleg etter møta.

Kommune- og fylkestingsvalet er 9. september. Du finn meir informasjon om valet i Levanger hos Levanger kommune.

Desse partia stiller til val i Levanger. Du finn den offisielle nettsida til lokallaget ved å trykkje på partinamnet. Somme har ikkje lokal informasjon enno, vi rettar opp sida når det finst.

Arbeidarpartiet
Framstegspartiet
Høgre
Kristeleg folkeparti (bla deg ned til lista over kommunar via Trøndelag KrF)
Miljøpartiet Dei Grøne (berre kontaktinformasjon på den nasjonale sida)
Raudt
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti (berre kontaktinformasjon via Trøndelag SV)
Venstre



Publisert: 16.07.2019 09:56 Sist endret: 06.08.2019 09:26

Levanger bibliotek Jernbanegata 16 7600 Levanger
Tlf: 740 52 900 Faks: E-post: biblioteket@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-Tor 10-18 Fre 10-16 Åpningstid: Lør 10-14 Søn stengt Org.nr.: 974035928
Nettredaktør: Espen Rønning Ansvarlig redaktør: Vidar Lund Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS

En del av Levanger kommune Levanger kommune