Gå til innhold Globalmeny Forsiden
nullmobbing_topp_gul

Rotterdam en komedie om Havet, lærarskolen og kjærleiken.

Et teaterstykke skrevet av Torvald Sund om livet i Levanger i 1961

Det er sommar i bakgården i Emilies Hus. Der bur mor Tordis saman med dottera Synnøve, og på loftet leiger dei ut hybel til lærarkandidat Mattias Kleven. Far sjøl, han Lorns, seglar i kystfart med Levanger-skuta Brødrene. Tordis sitt store ønske er å få dottera gift med lærarkandiat Mattias, slik at Synnøve kan komme seg opp og fram og bli lærarfrue. Men Synnøve vil ikkje giftas til Mattias, ho kan berre minnas sin ungdoms store kjærleik, Charles, som drog til sjøs for 3 år sidan. Da førebuingane til giftarmålet tek til kjem Charles heim frå sjøen, full av opplevingar med ny musikk frå Kaiserkeller i Hamburg, Chesterfield og god whisky. Han har heller ikkje glømt Synnøve, men dei gamle kompisane hans, dei svartelista sjømennene Bulle og Brandy, krev og ein bit av venskap og god drykk. Og mellom dei alle svevar den kjærleikshungrige Else Salberg, som berre blir kalt Elske. Ho har og eit godt auge til lærarkandidaten. Vil du vite kva som skjer med desse spennande og kraftfulle personane i Emilies bakgård i 1961, så kom og sjå komedien Rotterdam, du vil få Twist, rock and roll og sein 50 - og tidleg 60-talsmusikk på kjøpet, eit nyskrive teaterstykke av Torvald Sund, som går rett inn i Levangers verkelege liv, der Sverre og Nessegutten-konfliktar, frakteskuta Brødrene og nolevande personer frå Levanger går inn i handlinga. Stykket blir iscenesatt av Levanger-guten Tor Ivar Hagen, kjent frå oppsettingar både ved Trøndelag Teater og Oslo Nye teater. Urpremiere den 7.september


Starter: lørdag 09. september 19:30
Slutter: lørdag 23. september 21:30
Sted: Emilies hus i Sjøgata 40
Arrangør: Bymuseet i Levanger
Pris: 295
Post: Levanger kommune Boks 130, 7601 Levanger Besøksadresse: Håkon Den Godes gt 30 ved Torvet
Tlf: 74 05 25 00 Faks: 74 08 35 40 E-post: postmottak@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-fre 09:00-15:30 Åpningstid: Org.nr.: 938 58 7051
Nettredaktør: Åsmund Brygfjeld Ansvarlig redaktør: Ola Stene Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS