Gå til innhold Globalmeny Forsiden
header

Fyldig haustprogram frå biblioteket og Festiviteten

Levanger bibliotek og Festiviteten kulturhus og kino har gått saman om å presentere eit fyldig haustprogram med mellom anna Bekim Sejranovic, Tove Ditlevsen, Kari Svendsen og Aasmund Nordstoga. Programmet blir sendt ut til alle husstandar i Levanger før 1. september.


Biblioteket er med og markerer to store jubileum i haust: det er 500 år sidan Martin Luther kom med sine 95 teser og det er 100 år sidan Finland vart sjølvstendig. Biblioteket styrkjer samarbeidet med andre aktørar, og både Foreningen Norden, Nord universitet og Frivilligsentralen er mellom dei vi samarbeider med i haust.

Festiviteten har eit fyldigare program enn på fleire år, og Kari Svendsen, Turnéteateret i Trøndelag og "Sæle jolekveld" med Gunhild Sundli og Åsmund Nordstoga er med på programmet. I tillegg er det sjølvsagt kinopremierar nesten kvar veke!

Dersom du ikkje klarer å vente til programmet dumpar ned i postkassa, kan du laste det ned med ein gong. Velkomen til biblioteket og Festiviteten i haust!

Program for Levanger bibliotek og Festiviteten.



Publisert: 25.08.2017 15:27 Sist endret: 25.08.2017 15:45

Levanger bibliotek Jernbanegata 16 7600 Levanger
Tlf: 740 52 900 Faks: 740 52 909 E-post: biblioteket@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-Tor 10-18 Fre 10-16 Åpningstid: Lør 11-15 Søn stengt Org.nr.: 974035928
Nettredaktør: Espen Rønning Ansvarlig redaktør: Vidar Lund Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS

En del av Levanger kommune Levanger kommune