Gå til innhold Globalmeny Forsiden
header2

Biblioteka på Innherad får 200.000 til arrangement i Bokåret 2019

Biblioteka i Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer og Verran har fått kr 200.000 frå Nasjonalbiblioteket til å lage aktivitet i Bokåret 2019! Biblioteka sende ein søknad i lag, og fekk god utteljing. Prosjektet heiter «Bok til alle tider»


Bokåret 2019 er ei nasjonal markering av 500-årsjubileet for den første boka som vart trykt for ein norsk institusjon, erkebiskopen i Nidaros. Nasjonalbiblioteket fordeler om lag 30 millionar kr til aktivitet i Bokåret 2019.

Biblioteka på Innherad startar bokåret laurdag 19. januar, med fest i alle biblioteka. Det blir kake, høgtlesing og andre aktivitetar! Gjennom heile året blir det aktivitet i media, barnearrangement og fokus på litteratur med tilknyting til Innherad. Alle biblioteka skal finne forfattarskap som er relevante for Innherad, både gammal og ny litteratur. Målet er at alle på Innherad skal merke at det er bokår, og at alle skal bli meir kjent med den lokale litteraturen.

Kontaktpersonar:

Vidar Lund, 40211624, biblioteksjef i Levanger

Bodil Breivikås, 74048562, biblioteksjef i Verdal

Torunn Sandstad Næss, 74124226, biblioteksjef i Inderøy

Marianne Vanem, 92237999, biblioteksjef i Steinkjer

Dalia Brønstad, 98244009, biblioteksjef i Verran

 

Pressemelding frå Nasjonalbiblioteket: https://www.nb.no/bokaret-2019/



Publisert: 05.12.2018 12:56 Sist endret: 05.12.2018 13:00

Levanger bibliotek Jernbanegata 16 7600 Levanger
Tlf: 740 52 900 Faks: E-post: biblioteket@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-Tor 10-18 Fre 10-16 Åpningstid: Lør 10-14 Søn stengt Org.nr.: 974035928
Nettredaktør: Espen Rønning Ansvarlig redaktør: Vidar Lund Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS

En del av Levanger kommune Levanger kommune