Go to content Globalmeny Forsiden
toppbilde_bibliotek

Dans stille før stormen av Torvald Sund (2010)

av:  

- "Ho hørte berre suset da havørna strauk over hovudet hennes, slo klørne i sjøen og løfta seg på vengane med ein sprellande laks i kloa. Julie heldt pusten, stod heilt stille og såg at livet i havet sprella mot himmelen under vengar som slo tunge tak mot eit einsamt skjer. Julie kjente berre kor ho vart sogen med i ørnedansen, ho kjente det langt inni seg, det rykte i stortåa; ho måtte opp på halvtå - relevé - ho ville flyge etter ørna over havet, over husa i det fråflytta Hortaværet som hadde kasta loss og flaut omkring på sjøen ein stad der himmel og hav møtes. Eg må bli som ørna, tenkte Julie..."

Det handlar om livet, døden, havet og kjærleiken i Torvald Sunds siste bok. Ei dramatisk historie på livet laust, samtidig som det er ein kunstnarroman. Forfattaren kombinerer desse elementa i ei vakker fortelling, som eg unnar både unge og vaksne å lesa.

Ungjenta Julie lever og andar for ballett. Runar har droppa skulen og er no fiskar med eigen sjark. Dei to ungdommane er inderleg forelska i kvarandre, og vil ikkje høyre på dei som seier kobinasjonen ballettdanserinne/fiskar er umuleg. Medan Julie øver frenetisk for å klare opptakingsprøvene til The Royal Ballet School i London, tar ho ein ettermiddag fri for å følgje kjærasten ut på havet. Dei går i land på eit lite skjer som blir borte under vatn når sjøen flør. Der rulla ein stein over eine foten til Runar, og han kjem ikkje laus, verken på eige hand eller med hjelp av Julie. Dermed er eit drama på liv og død i full gang, og spenninga berre stig og stig til eit formidabelt klimaks.

Gjennom 20 korte kapitler fordelt over 100 sider vekslar perspektivet frå Julie til Runar, via hjelpemannskapane som omsider er på veg. Omgivelser og menneskje er tydelege. Runar med snusen og den gode sjølukta - "Ho sneik seg akterut, måtte inn i styrhuset til Runar, klemme seg inntil han, snuse på saltlukta i genseren hans, kjenne pusten av snus, lukt ho aldri kjente nokon annan stad" - Julie med den sterke dansekroppen, som kan vera steinhard og kattemjuk om ein annan. Den pensjonerte fiskaren, som ikkje har vore utaskjærs på 40 år, da han såvidt kom frå det med livet under eit forlis på Finnmarkskysten.

Ein moderne Romeo og Julie som toppar seg i kapitel 19. Eit dramatisk høgdepunkt, når Runar trur at han skal døy og er viss på at Julie har svikta. Det forferdelige øyeblikket der naturkreftene er i ferd med å knekke menneske. Her viser Sund språkleg perfeksjon!

Dette er ei ungdomsbok som traff ein vaksen mann rett i solar plexus!

Sveinung H.

Lån denne boka

07.03.2011


Kommentarer

  1. Yup, that'll do it. You have my apeprcaitoin.
    Permanent lenke
    11.10.2011 11:08 av: Vicky

  2. 3fuYFm , [url=http://iqjbeppyokbo.com/]iqjbeppyokbo[/url], [link=http://tfeszycdinmz.com/]tfeszycdinmz[/link], http://zqbbmglmwgik.com/
    Permanent lenke
    12.10.2011 14:41 av: qlqbunqsx

  3. Odu6iX hgtwoouqatdj
    Permanent lenke
    14.10.2011 16:31 av: ethwybfz

  4. free car insurance quotes 699161 permanent life insurance vcmd
    Permanent lenke
    15.10.2011 04:43 av: hardPlays

  5. car insurance quotes :-( mobile home insurance florida diemvw
    Permanent lenke
    16.10.2011 04:16 av: cmonlazio

  6. health insurance =-((( life insurance quotes 62222
    Permanent lenke
    17.10.2011 11:38 av: HimbeerSab

  7. state auto insurance 8OO low cost life insurance 289
    Permanent lenke
    22.10.2011 06:11 av: chemikus

  8. ultram 610370 Cialis 384
    Permanent lenke
    22.10.2011 11:29 av: Arkheart

  9. health insurance :-]]] life insurance :-[[
    Permanent lenke
    23.10.2011 05:52 av: Mekanos

  10. infinity auto insurance %-PP online auto insurance 82065
    Permanent lenke
    25.10.2011 10:02 av: ZKibbee

  11. home insurance kfxpsj car insurance ezfr
    Permanent lenke
    27.10.2011 10:50 av: higoors2nanah

  12. car insurance quotes erk affordable car insurance 538
    Permanent lenke
    29.10.2011 10:50 av: mahnyoung

  13. Cialis fzkels levitra lady >:OOO
    Permanent lenke
    30.10.2011 05:03 av: growingwisdom

  14. auto insurance quotes prkqaf cheap car insurance 52294
    Permanent lenke
    04.11.2011 04:02 av: KyuubiYor

  15. car insurance rates 56919 florida home insurance yxax
    Permanent lenke
    05.11.2011 02:35 av: mbytesecurity

  16. life insurance %PPP buy auto insurance online 8922
    Permanent lenke
    07.11.2011 01:42 av: ZDFleetman

Skriv en kommentar    
Bekreftelse Image for user verification  




Publisert: 07.03.2011 12:05 Sist endret: 21.03.2011 09:39

Anbefalinger


Arkiv


Emneord

Levanger bibliotek Jernbanegata 16 7600 Levanger
Tlf: 740 52 900 Faks: 740 52 909 E-post: biblioteket@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-Tor 10-18 Fre 10-16 Åpningstid: Lør 11-15 Søn stengt Org.nr.: 974035928
Nettredaktør: Espen Rønning Ansvarlig redaktør: Guri Sivertsen Haugan Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS

En del av Levanger kommune Levanger kommune