I krig og kjærleik av Ragnhild Kolden (2010)
av:
"Var eg ein Gud
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske."
Som debutant leverer ho frå seg ei bok som tek tak i det mest omskrevne femåret i norsk historie. Krigsåra - 1940-45 - skulle ein tru var endevendt. Kan det vera ei mulig ny vinkling på rett eller feil side/heltar og fiendar/at dette har eg lest før, eller om det å bera brennfang til bålet.
Eg meiner forfattaren loddar djupare enn som så. Det er ei bok som tek utgangspunkt i utrett som eit menneske - barn eller ungdom - opplever, og som merkar dei for heile livet. På skole og i arbeid. Krenkingar på det grovaste som seinare gir grunnlag for hevntankar.
Med dette som bakteppe står Dagny og Bjarne fram. To som har opplevd fornedring og ringakt. No når krigen har kome til landet, vert situasjonen ein annan for dei óg. Korleis ville du ha reagert og agert dersom du sto i same situasjon, og skulle gjera eksistensielle valg? Valg for å kunne overleva, reise seg og for å kome vidare i livet. For dei to påverkar samfunnsendringane valga dei gjer...ein fattig og hundsa faan, som endeleg kunne ta hevn og gjera eit oppgjer mot si eiga fortid. Ta makta sjøl, dupera dei "storsnuta" og la dei smaka eigen medisin. Dagny og Bjarne går inn i kontraspionasje, manipulering og etter kvart truslar og terror. Dei to gjer kvarandre sterke gjennom "kjærleik og død", noko dei ikkje kunne gjort i "ei stillare verd". Krigen set ei ramme omkring dei to, og mange andre som snur opp ned på verdiane i eit menneskeliv. Dei går heller ikkje av vegen for å drepa folk. Handlinga går føre seg i Trondheim og innover Innherredsbygdene.
Forfattaren skifer perspektiv frå krigsåra til landsvikfengslet i Trondheim fredsvåren der Bjarne sit og ventar på dommen. Kolden nyttar dette vekslande drivet nett som i ein film, og gjer at dette vil lesaren sjå ein ende på.
Her reises almenne spørsmål lik alle krigskonfliktar; kor mykje styrar ein sjølv og kor mykje går attende til tilfeldigheiter...
"Var eg ein Gud
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død" (Tor Jonsson)
Sveinung H.
Les denne boka
15.11.2010